Initiativ for gjødselkompensasjon
Tilgang på gjødsel er det mest kritiske før våronna. No ber Bondelaget om samarbeid for å gje bonden sikkerheit, og for å unngå lågare matproduksjon.
LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.
- Norges Bondelag jobbar for å finne ei målretta ordning som kompenserer bonden for den ekstreme kostnadsveksten på kunstgjødsel.
Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.
- Vi ser ei nærare dobling av prisen på kunstgjødsel siste halve året, og det gjer at ein del bønder avventar innkjøp av kunstgjødsel.
Cirka 30% av volumet i Norge har framleis ikkje kjøpt kunstgjødsel for sesongen.
- Dersom bonden som opplever denne store kostnadsauken ikkje får dette kompensert, kan vi risikere at ein reduserer matproduksjonen i Norge, seier Felde.
Bondelaget krev ikkje tilleggsforhandlingar
- Norges Bondelag har gitt melding til Norges Bonde og Småbrukarlag at det ikkje er aktuelt med tilleggsforhandlingar i denne omgang.
Felde fortel at Bondelaget i staden inviterer Småbrukarlaget med i arbeidet for å redusere kunstgjødselkostnaden.
- Tilleggsforhandlingane i fjor haust gav ein kostnadskompensasjon på kr 754 mill. I tillegg har vi fått på plass ei straumordning. Begge desse grepa sikrar bonden likviditet og pengar i februar. Det har vore avgjerande for å sikre matproduksjonen i landet.