Husdyrregisteret: Har du fått brev - ta kontakt
Storfehaldarar i Sunnfjord og Ytre Sogn som i søknaden om produksjonstilskot har avvikande dyretal frå husdyrregisteret, har nyleg blitt varsla om dette i brev frå Mattilsynet. Konsekvensen er trekk i tilskotet med kr. 500 per avvik. -Vi greier å rydde opp i det meste, berre produsenten tek kontakt, seier Bente Axelsson i Mattilsynet.
Mattilsynet sitt distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn er omfatta av pilotprosjektet der produksjonstilskot til storfehaldarar skal utmålast på grunnlag av dyretalet registrert i husdyrregisteret. Målet er å få eit register med god datakvalitet, noko som vil vere avgjerande dersom ein kjem i ein situasjon der sporingsarbeid er naudsynt. Produsentar som har avvik i denne samanlikningsrunden får i desse dagar brev om dette. Vedlagt brevet ligg ei liste A, som syner dyra registrert i Husdyrregisteret. Det er viktig å sjekke denne opp mot dei individa som produsenten sjølv hadde registrert på teljedato. I brevet ligg det og ved ei liste B. Dyra på denne tel ikkje som avvik, med i Husdyrregisteret er det oppført at dei har stått i dyrehaldet til produsent ein eller annan gong. Desse må også rettast opp. Rådgjevarar i Kukontrollen og Storfekjøtkontrollen har tilgang til listene. -Ta kontakt med rådgjevaren din eller Distriktskontoret i Mattilsynet dersom du har avvik, oppmodar Axelsson. I dei fleste tilfella går det lett å rydde opp, og produsenten unngår dermed trekk.