Hugs refleks
Refleks ?? Kva har no det med Bondelaget å gjere tenkjer du gjerne. Refleks vedkjem oss alle difor ei lita påminning til oss alle no når vi merkar at haustmørket kjem.
I dag 17. oktober er det refleksen sin dag. At refleksen har ein eigen dag er for å minne oss alle på at refleks er viktig og kan redde liv.
- Vel refleks med CE-merke. Dette er den typen som gjev den reflekseffekten du treng
- Heng eller fest refleksen i knehøgde. Der tek refleksen imot mest mogleg lys frå lyktene på bilen
- Vel reflekser som rører på seg når du brukar dei - dei vil synast best.
- Fest refleks på alle jakker, veske, ryggsekkar, buksebein. Dermed er du alltid klar og førebudd når det er mørkt.
- Hugs at du enkelt får kjøpt gode refleks i sportsbutikkar, på apotek, i bokhandelen eller liknande stadar
- Ingen av oss er sjølvlysande - verken liten eller stor :)
Refleks vert naturleg slitne over tid. Slitasje og riper svekker reflekseffekten. Det er difor lurt å skifte ut refleksen når den tek til å få riper eller verte synleg falma. Lukke til med ein rekfleksrik haust