Balestrand Bondelag er eit lite lag i utkanten av Sogndal kommune.  I Balestrand er det både husdyrproduksjon og produksjon av frukt, bær og grønsaker så leiaren i dette laget må ha eit blikk for mange ulike produksjonar.  Hilde Sværen har jobba mange år i 4H Sogn og Fjordane, og har med det god organisasjonsbakgrunn.  

Ole Bjarne Hovland (kvit gensar på biletet ovanfor) representerte fylkeslaget i møtet.  Han kan rapportere om eit triveleg møte i eit lokallag som fekk 3 nye medlemer i 2021. 

Hovland tykkjer det er gledeleg at kvinnene engasjerer seg i lokallaget.  Balestrand Bondelag har hatt gardsbesøk for ungdomstrinnet og dei har også hatt arrangement for elevane på mellomtrinnet på tema "Vi dyrker landet".  For medlemene arrangerte laget RIB - tur til sørsida av Sognefjorden.  Noko som var ein skikkeleg kjekk aktivitet i ein periode med få møteplassar. 

Rundballeplast er ei utfordring

Rundballeplast vart eit hovudtema i møtet.  Ordninga med Sirkla Ressurs er kostbar for bøndene, så styret fekk i oppgåve å sjå moglegheiter for å finne ei rimelegare ordning. 

Blide møtelyd.   Avtroppande leiar Renate Rendedal til høgre og ny leiar t.v. for henne

Vestland Bondelag ynskjer Hilde Sværen til lukke med leiarvervet.  Takk for at du tek oppdraget.