Her underviser Gert Runar elevane
Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.
EIN NY KVARDAG: Gert Runar Rørvik underviser elevane på Mo frå heimen sin. Han har heimekontor saman med dei fire borna sine. Ludvig er fotograf, og er difor ikkje med på bilete.
- Eg underviser i administrative fag. Faga heiter økonomi og driftsleiing, og gardsdrift.
Det fortel Gert Runar Rørvik. Han har jobba på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo, i 22 år. Aldri før har han vore i ein liknande situasjon med nettundervisning.
- Det er første gong er borti akkurat denne type undervisning. Me brukar Teams, det starta me å bruke for cirka eitt år sidan. Sidan me hadde litt erfaring, tok det ikkje lang tid før ting gjekk bra.
Er nøgd
- Det går ganske bra å undervise digitalt.
Rørvik fortel han er heldig som underviser i teoretisk retta fag.
- Eg trur det er lettare enn å undervise i meir praktiske fag.
Skal vera klar til eksamen
- Målet er at elevane skal vera klare til å ta eksamen.
Rørvik fortel at det krev meir av han å undervise digitalt.
- Det gjere det, men eg må seie eg er positivt overraska over kor bra nettet har fungert. Me har vel hatt ein elev, som hadde litt problem med å logge seg på. Men det heng nok også saman med kvar ein bur.