Brynhild Tennebekk Bjørke, Ove Neteland og Lars Istad frå  Voss Bondelag vart dagens heltar då dei kom på besøk til Voss barnehage i traktor. Etter at alle 5-åringane hadde fått prøva traktoren fekk dei vita litt om kvar maten kjem frå. Kjekk dag for store og små, seier lokallagsleiar Lars Istad.