Held fram som leiar i Hafslo Bondelag
Claus R. Moe held fram som leiar i Hafslo Bondelag. Som nye styremedlemer vart valde May Hilde Hjelmeland og Aud Karin Nondal, så no har Hafslo Bondelag 40% kvinnedel i styret, noko leiaren tykkjer er stas.
Kari Sigrun Lysne frå Lærdal møtte frå fylkesstyret. Ho informerte om mogelegheiter og utfordringar med fire nye år med blåblå regjering. Ho snakka og om stoda i grøntnæringa og svara på spørsmål. Rullering av arealplan og jordvern var og tema. Av aktivitet vil Moe særskilt nemne gardsbesøk for elevane i 8.klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Dei fekk ein lærerik dag på tre ulike garsbruk. Dei studerte husdyrhald og jammen fekk die ikkje innblikk livet i jorda også.
Matproduksjon og sjølvforsyning - fråsegn til fylkeslaget
På årsmøtet vart det gjort samrøystes vedtak om å sende følgjande fråsegn inn til fylkeslaget: Me er i dag vitne til stor overprodukjon av sau og lammekjøt, men mjølkeproduksjonen både på geit og ku , stangar og i taket . Det er fleire årsaker til dette, men auka import av kraftfor må ta ein stor del av skulda. I 2009 var under 30% av råvarene i kraftfor importerte. Denne delen er no komen opp i over 50 %. Samstundes opplever me at grasareal går ut av produksjon og gjengroing av utmarka berre aukar.
Hafslo bondelag krev at bondeorganisasjonane og staten gjer norsk gras og beiteproduksjon meir lønsam i høve import av kraftfor. Produksjon av mjølk og kjøt på norsk korn, gras og beite er fornuftig i gode tider og heilt avgjerande i krisetider.