I Avisa Hordaland kan vi lese at Håvard Bergo, som no er 19 år, fekk pris for beste film, for beste dokumentar og for beste sportsfilm. Dei to fyrste prisane fekk han for filmen "Helge Bergo - Takk for turen" om bestefaren. I portsfilmen "Sway" viser han ein utøvar på longboard.

Her kan du lese heile artikkelen frå Avisa Hordaland.

I 2012 gjekk då 15 år gamle Håvard Bergo til topps i Hordaland Bondelag sin YouTube-konkurranse med filmen "Mellom bakkar og berg". - Ein gjennomført film som skapar entusiasme og gode følelsar, var juryens grunngjeving for kåringa.

Håvard gjekk til topps i knivskarp konkurranse med 19 andre innkomne filmsnuttar. Det var heilskapen og totalinntrykket som gjorde at det tippa eksingedølen sin veg. Håvard går i 10. klasse på Eksingedalen skule.

Her kan du sjå filmen: Mellom bakkar og berg.

Sjå fleire filmar frå konkurransen Landbruket ruler.

Håvard Bergo vann Landbruket ruler