Har du ein kandidat til årets BU-pris?
Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Er du eller veit du om ein kandidat til prisen?
Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket, og ein vinnar i kvart fylke får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. No er Innovasjon Norge på leit etter gode kandidatar til årets pris. Kjenner du nokon som har gjort det litle «ekstra» eller kanskje gjort ein «vri» på arbeidet som kan vere med å inspirere og løfte landbruket/tilleggsnæringane?
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
- Berekraft
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
- Innovasjon/nyskaping
Informasjon om BU-prisen og påmeldingsskjema finn de her: Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Frist for påmelding er 20. august.