Håpar fleire søker midlar til bygging av lausdriftsfjøs
Lausdriftskravet trer i kraft i 2034, no håpar fylkesleiar Anders Felde fleire søker midlar til bygging av lausdriftsfjøs.
LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.
- Toppfinansieringa blir inntil 1 million kroner pr prosjekt, max 40 % av kostnadskalkylen, og kjem i tillegg til dagens IBU midlar.
Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.
- Eg vil oppmode fleire om å søke midlar til fjøsbygning i 2022. I Vestland driv framleis knappe 700 bønder i båsfjøsar, og høg prisvekst har ført til at få bønder har søkt støtte til bygging av lausdriftsfjøs.
Det var i juni fylkestinget vedtok å løyve 10 millionar til bygging av lausdriftsfjøsar. Ordninga fylkeskommunen vedtok vart ei toppfinansiering på IBU-midlane (Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane). Midlane skal forvaltast av Innovasjon Norge, etter innstilling frå Landbrukspartnerskapen.
- Eg håpar fleire kan realisere fjøsprosjekta sine, og at mange søker midlar i 2022. Målet er å bruke opp alle midlane før nyttår.
Om det blir restmidlar
- Vestland Bondelag har informert både partnerskapen og fylkeskommunen om kva som skjer om det er restmidlar frå 10 millionar-potten i slutten av august. Då vil vi oppmode dei til å endre vedtaket fylkestinget gjorde i juni, slik at også dei som starta å bygge tidlegare i 2022 også får ta del i 10 millionar-potten.
I fylgje Felde er mjølkeproduksjonen sjølve bærebjelken i Vestlandslandbruket, og den utgjer over 50% av verdiskapinga i landbruk.
- Eg håpar folk satsar, og blir med vidare inn i framtida også. Dersom me ikkje klarar å bruke opp ramma på 10 millionar frå fylkeskommunen, kan dei også overførast til 2023.
- Innovasjon Norge vil handsame søknadane knytt til tilskotet frå fylkeskommunen i den rekkefølga søknadane kjem inn.