LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Toppfinansieringa blir inntil 1 million kroner pr prosjekt, max 40 % av kostnadskalkylen, og kjem i tillegg til dagens IBU midlar.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Eg vil oppmode fleire om å søke midlar til fjøsbygning i 2022.  I Vestland driv framleis knappe 700 bønder i båsfjøsar, og høg prisvekst har ført til at få bønder har søkt støtte til bygging av lausdriftsfjøs.

Det var i juni fylkestinget vedtok å løyve 10 millionar til bygging av lausdriftsfjøsar.  Ordninga fylkeskommunen vedtok vart ei toppfinansiering på IBU-midlane (Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane).  Midlane skal forvaltast av Innovasjon Norge, etter innstilling frå Landbrukspartnerskapen.

- Eg håpar fleire kan realisere fjøsprosjekta sine, og at mange søker midlar i 2022. Målet er å bruke opp alle midlane før nyttår.

 

Om det blir restmidlar

- Vestland Bondelag har informert både partnerskapen og fylkeskommunen om kva som skjer om det er restmidlar frå 10 millionar-potten i slutten av august.  Då vil vi oppmode dei til å endre vedtaket fylkestinget gjorde i juni, slik at også dei som starta å bygge tidlegare i 2022 også får ta del i 10 millionar-potten.

I fylgje Felde er mjølkeproduksjonen sjølve bærebjelken i Vestlandslandbruket, og den utgjer over 50% av verdiskapinga i landbruk.

- Eg håpar folk satsar, og blir med vidare inn i framtida også. Dersom me ikkje klarar å bruke opp ramma på 10 millionar frå fylkeskommunen, kan dei også overførast til 2023.

 

  • Innovasjon Norge vil handsame søknadane knytt til tilskotet frå fylkeskommunen i den rekkefølga søknadane kjem inn.