Hadde årsmøte på gardsbruk
- Dei siste åra har vi prøvd å kombinere årsmøtet med eit gardsbesøk hos ein av våre medlemer, seier leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring. Dette året var møtet hos Ole Johan Nordal og Bente Axelsson i Sandalen.
Frå klokka 19 kunne dei som ynskte det få ei omvising i fjøsen i Sandalen. Der driv Ole Johan og Bente med mjølkeproduksjon i lausdrift med robot. Buskapen er ein rein Jersey buskap og dei har dette året testa ut driftsmetode med at kalvane får gå i lausdrifta saman med kyrne i 42 dagar. Brukarparet var opne på både plussidene og dei meir utfordrande sidene ved denne typer drift. Organisasjonssjef Lars Peter Taule, som representerte fylkeslaget i møtet, tykte dette var svært kjekt både å få sjå og lytte til det som vart sagt.
Nokon av deltakarane i møtet. Einingsleiar landbruk i Sunnfjord kommune; Joar Helgheim sit midt i biletet i rutete skjorte.
Sjølve årsmøtet var i gamlestova på garden. Der møtte også einingsleiar for landbruk i Sunnfjord kommune, Joar Helgheim. Han orienterte om kommunen sitt arbeid med landbruk og peika på saker som er viktige i arbeidet no framover. Helgheim nemnde nytt måldokument for hjorteforvaltninga, temaplan for landbruk i kommunen og Landbruksforumet i kommunen som han ser på som svært viktig. I november vert det ein opplæringsdag for politikarar på tema landbrk med innlegg frå mellom andre Gry Ingvild Agjeld i Vestland Bondelag.
Helge Torpe fekk gåvekort som takk for arbeidet i styret
Same dag som møtet vart gjennomført vart det sendt ut informasjon om innsamling av Landbruksplast som lokallaget planlegg og gjennomfører saman med Tenden Transport. Lokallaget støttar også eit prosjekt i 1.-7. klasse på Vassenden skule der dei får gratis frukost som eit forsøksprosjekt.
Styret i Jølster Bondelag f.v. Knut Harald Dvergsdal, Jan Ove Flaten, leiar geir Støfring, Karin Elise Erikstad(ny) og Daniel Eikås