Møtet vart gjennomført på dagtid, og starta med gardsbesøk hos Morten Vallestad Grøneng og Karin Øverli Grøneng i nabobygda Haukedalen.  Dei har høvesvis ny lausdriftfjøs og oksefjøs med treinnreiing.  Morten gav gjestene frå Viksdalen ei god orientering om vurderingane familien gjorde før dei start å byggje, utfordringar undervegs og kva dei kunne gjort annleis.  Dei er godt nøgde med at investeringane er gjort, men økonomien burde vore betre.   Han var også oppteken av at det må gjerast ein jobb for å betre moglegheitene for ferie - og fritid.

Morten Vallestad Grøneng orienterte ei lydhøyr forsamling

 Årsmøtet i lokallaget vart halde på Tuftegarden hos Linda Kristin Oppedal og Rune Hoff.   Dei orienterte om drifta på sin gard og vurderingane dei no gjer kring tankar om nyinvestering i lausdriftsfjøs.  Dei ynskjer å bygge, men berre om det vert økonomisk forsvarleg å kunne halde fram med maksismalt 16 mjølkekyr innan dagens ressursgrunnlag.

Leiar i Viksdalen Bondelag, Erlend Brede Fossen, t.h. leia møtet.  Han held også fram som leiar etter årsmøtet.  

Medlemen i laget var mellom anna opptekne av kommuneplanen sin arealdel, økonomien i landbruksproduksjonen, dei skyhøge kommunale gebyra - dei "heng rette og slett ikkje på greip", gjødselvareforskrift og plastinnsamling.   Lokallaget i Viksdalen betaler for container til innsamling av plast for sine medlemer.  For å unngå missbruk  av ordninga er det svært korte fristar for levering av plasten. 

Nokon av dei som var samla til årsmøte i Viksdalen Bondelag

Gardsbesøk som innleiing før årsmøtet ser ut til å falle i smak. 

Idar Viken vart vald som ny styremedlem etter Jan Morten Råheim som ikkje stilte til attval.