God aktivitet i Vik Bondelag
- Det er viktig for oss som bondelag å ha ein god dialog med kommunen, seier leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange
Saman med nestleiar Jo Risløw og kasserar Per Olav Langeland Tistel hadde Turid Vange tidlegare i haust møte med ordførar Roy Egil Stadheim og varaordførar Marta Sofie Vange i kommunen. Tema i diskusjonane var rundballeplast, utviklinga i mjølkeleveransen frå kommunen og bruk og prioritering av overskotsmassar. - Det var eit godt møte, og me har også hatt ein god dialog i etterkant av møtet seier Vange.
Frå venstre Jo Risløw, ordførar Roy Egil Stadheim, varaordførar Marta Sofie Vange og Per Olav Langeland Tistel.
I haust gjennomførte lokallaget også ein koronavenleg medlemsaktivitet utandørs, der medlemene fekk sjå demonstrasjon av fjernstyrt krattknusar/beitepussar. Det vart ein god diskusjon med mange spørsmål. Veret var flott, så dette vart eit hyggeleg og uformelt møte før fjøstid avsluttar leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange.
Før korona la ein dempar på aktiviteten sist vår, klarte også lokallaget å gjennomføre både fyrstehjelpskurs, bondekafe og bondepub.