Gjer som pappa - Bygg ny fjøs!
- Det var kjekt å få delta på årsmøtet i Eid Bondelag, seier styremedlem i fylkeslaget Lidvin Hage. Dette lokallaget held fram sitt gode arbeid og greier å fokusere på det positive som skjer i bygdene i form av fornying av driftsapparatet og unge som torer å satse.
Sparebanken Sogn og Fjordane delte ut pris for beste svar på ein konkurranse under” open gard”. Konkurransen gjekk ut på å besvare spørsmålet om kva må til for å auke matproduksjonen i Eid. Alexia Melheim vann med : “ Gjer som pappa bygg ny fjøs.” Foreldra Kari Rogdo og Helge Melheim fekk optimistprisen. Dei har åleine bygt ny robotfjøs til ca 40 kyr og bør vere eit føredøme for famtidig satsing i dette fylket, meiner Lidvin Hage.
Det møtte ca 50 av medlemane i det svært aktive laget som i sommar vart kåra til årets lag i Norge. Noko som også vart markert med kake til alle frammøtte. Både årsmelding og rekneskap bar preg av den store aktiviteten og vart samrøystes vedtekne. Seinare vart ulike tema diskutert, men med ein gjennomgåande opptimistisk tone, noko som gjerne andre kan lære noko av. Dei var inn om tema som tollvern, marknadsordningar, korleis formidle jordbruket sine utfordringar framover og fornuftig utvikling av strukturen i mjølkeproduksjonen i høve til roboten.
Knut Tore Nes Hjelle held fram som leiar
Knut Tore hadde talt på knappane i førekant av møtet om han skulle halde fram som leiar, men hadde til slutt konkludert med at dette ville han halde fram med eit år til. To av dei andre styremedlemene, Bjørn Haugland og Asbjørn Manseth vart takka av for godt arbeid gjennom fleire år.