Innerst i Sognefjorden ligg fjordarmane Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden som er kjent for sitt spektakulære landskap. Så særeigent er landskapet at det er lista på UNESCO si verdsarvliste. Bratte fjellsider går rett i fjorden. Å vere bonde her krev mykje av både folk og fe. Ikkje alle dyr trivst og kan nytte seg av landskapet, men eit dyr som trivst godt er geita. Då er det ikkje rart at geita har fått plass i kommunevåpenet til kommunen, og heller ikkje rart at Aurland er ein av landets største kommunar når det gjeld produksjon av geitemjølk. 

Einar Lie og Gøril Tveiten Lie driv eit av geitebruka, bratt opp i lia over Aurlandsfjorden. Dei har 129 mjølkegeiter og 41 kje, og produserar 74 000 liter mjølk og rundt 1000 kg kjekjøt i året. Dei er heiltidsbønder begge to, fordi garden og drifta deira krev det. - Gjennom å utføre so mykje av vedlikehaldet og prosjektarbeidet som mogleg på eiga hand, klarar vi å leve av garden. Men då kan vi ikkje vere kresne på ferie og fritid, seier Gøril.

Sjølv om det er mykje arbeid og sjølvberging som er prinsippet, så finn dei livet som bonde både meiningsfult og spannade. - Det er mange flotte verdiar i å drive landbruk på denne måten. Å nyttegjere seg av areal som ikkje kan brukast til annan produksjon og å sjå dyra trivast og har det bra. Men vi ser at tida melder seg om kort tid for at neste generasjon skal ta stilling til om dei vil ta over eller ikkje, og då må vi innrømme at vi er usikre på kva råd vi skal gi. Sjølv om det er mange glansbilete i livet som bonde, så er det ein tung ryggsekk med lange arbeidsdagar og mange krav som likevel kan gjere til at livet som bonde kjennes tungt. Idealismen kan ikkje bere bondelivet i det uendelege, skal vi ha rekruttering til yrket så må inntekta stå i forhold til innsatsen. 

Kvar vår har dei buføring av dyra sine over fjorden med båt, og slepp dei på beite i verdsarvområdet. Her er det ikkje mange dyr som klare å føte seg eller gjere nytte av maten som veks der, men for geita er landskapet ideelt. Fleire av bøndene i Aurland har dyra sine på beite i verdsarvlandskapet. - Mange av bøndene her har endå brattare og heftigare terreng enn vi har, fortel Gøril. Sjå videoen under og høyr Gøril fortelje om geitedrifta i Aurland.