Eivind MyrdalBondelaget har tradisjon for å invitere politikarar til diskusjon og informasjon føre jordbruksforhandlingane. Møta går ofte føre seg på ein gard. Denne gongen hadde Hordaland Bondelag invitert til gardsbesøk hos Eivind Myrdal. Han er ein bynær bonde som leverer mjølk og kjøt (storfe, sau og gris) til Bergensmarknaden.

Eivind viste rundt på garden og informerte om produksjonen. Omlegging til lausdrift i 2024 var eit tema som vart diskutert, og Eivind fortalde om sine planar for framtida. Andre tema var Inn på tunet, bruksstruktur, jordvern og klimatilpassing.

Det vart også tid til å besøke Øvre-Eide Gård, der Arild Nydegger Øvre-Eide driv med Inn på tunet og gjestebod. Politikarane fekk servert lunsj og diskuterte landbrukspolitikk med Frøydis Haugen og Frode Handeland frå styret i Hordaland Bondelag.

Øyvind Strømmen (MDG), Didrik Fasmer (H) og stortingsrepresentant Kjerst Toppe (Sp)

Eivind informerer

Frå garden til Eivind

På omvising