Fyrstehjelpskveld i Vik
Onsdag 15. januar arrangerte Vik Bondelag fyrstehjelpskveld.
FYRSTEHJELPSKVELD: Vik Bondelag hadde to dyktige instruktørar frå Vik Røde Kors.
Dei fekk opplæring i Bruk av hjartestartar, hjarte- og lungeredning, samt livreddande fyrstehjelp ved brot-, blødning- og brannskader.
Oppmøte var godt, 13 stk frå lokallaget deltok. Munn-til-munn med førstehjelpsmasker frå Sogn og Fjordane Bondelag var deltakarpremie til dei frammøtte.
Sjå bilder frå kvelden
Vik oppmodar andre lokallag til å arrangera liknande, det var ein vellukka kveld.
Me takkar Turid Haga Vange (leiar i Vik Bondelag) for både tekst og bilder.