Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune handsama i møte den 18. januar innspel til Landbruks- og Matdepartementet i førekant av jordbruksforhandlingane 2022.   Vestland Bondelag har vore med i to møte for å drøfte utfordringane og gje innspel til fylkeskommunen sitt arbeid.   - Det er viktig at fleirtalet av politikarane i Vestland har ei forståing av landbruket si viktige rolle i Vestland og at dei har ei forståing av samanhengane mellom einskildbonden sin kvardag og den totale verdiskapinga som landbruket skapar i Vestland.   Det kjem ikkje av seg sjølv.   Difor er eg nøgd med at fylkespolitikarane fokuserer så stekt på økonomi i innspelet sitt, held Anders Felde fram.  

Vedtaket vart gjort mot FP, Frp og H sine røyster og har følgjande ordlyd:

  • 1. Mjølkeproduksjon er bærebjelken i vestlandsjordbruket. Fylket står overfor ein særleg utfordrande situasjon, der ein kan risikera 50 prosent reduksjon av mjølkeproduksjonen på få år som følgje av kravet om lausdriftsfjøs frå 2034, dersom kravet ikkje vert følgd opp med nok pengar.
  • 2. For å nå målet om ein sjølvforsyningsgrad på minst 50% må det leggast til rette for eit økonomisk berekraftig, miljøvenleg og klimasmart landbruk i heile landet, tufta på dei naturgjevne tilhøva. For Vestland betyr det å legge til rette for ein framleis variert bruksstruktur med grovfôrbasert husdyrhald, frukt og bær som dei viktigaste produksjonane.
  • 3. Økonomien i landbruket må styrkast slik at inntektsgapet mellom jordbruket og gjennomsnitt av andre yrkesgrupper blir tetta i komande stortingsperiode. At det går an å skaffe seg ei akseptabel inntekt i næringa også på små og mellomstore bruk er avgjerande for å sikre rekruttering og norsk matproduksjon framover.
  • 4. Den totale ramma for midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU, må aukast også i åra som kjem. Nasjonal ramme for grønt må reetablerast med verkemiddel som er tilpassa bruksstrukturen i Vestland. Ramma for grønt må ikkje føre til reduksjon i dei fylkesvise IBU-midlane, men kome i tillegg.
  • 5. Det må vera lønsamt for mindre bruk å investera i lausdriftsfjøs. Maksimal investeringsstøtte for tilskot må difor aukast frå dagens 35%, til minimum 50 %, av kostnadsoverslag. Maksimalt tilskot må hevast frå 2 mill kr til minimum 3 mill kr for bygg i stål og betong, og frå 2,4 mill kr til minimum 3,5 mill kr for bygg i tre.
  • 6. Velferdsordningane i landbruket knytt til ferie, fritid, svangerskap, fødsel og sjukdom må styrkast.
  • 7. Arbeidet med å nå måla i landbruket sin klimaplan må støttast gjennom midlar til forsking og ved at det blir sett inn økonomiske verkemiddel som stimulerer bøndene til å gjere gode tiltak på eigne gardar. Det må sikrast at også små og mellomstore gardsbruk kan investere i teknologi som gjev lågare klimaavtrykk. Tilskot til kunnskapsauke om karbonlagring i jord er særleg viktig og i neste rekkje å følgje opp med tilskot for tiltak som beviseleg aukar karbonbindinga.
  • 8. For å auke verdiskapinga innan lokal mat og drikke i tråd med ambisjonane i «Matnasjonen Norge», må tilskotsrammene til dei regionale kompetansenettverka for lokalmat aukast frå 12,7 millionar kr i 2022 til 17,0 millionar i 2023.
  • 9. Produksjon av bær må styrkast gjennom distriktstilskot bær.
  • 10. Framleis ha eit sterkt importvern for å trygge kvalitetssikker norsk mat.
  • 11. Sikre verkemiddel som kan balansere marknaden og avgrense nyetableringar innan kraftfôrkrevjande produksjonar som egg og svinekjøt.
  • 12. Det må prioriterast auka støtte til utmarksbeite. Det er svært viktig å styrke tiltak som gjev betra økonomi i å bruka utmarks til beiting for alle produksjonar

- Da er godt å ha fylkespolitikarane i ryggen inn mot jordbruksoppgjeret våren 2022, avsluttar Felde

Her i Sak PS 5/2022 finn du heile sakshandsaminga til fylkesutvalet i Vestland Fylkeskommune