Felde var ein av innleiarane i møtet.  Han representerte Bondelaget saman med Merete Støfring frå fylkeskontoret i Vestland og Atle Franzen frå kontoret i Møre og Romsdal.   Som det går fram av innleiinga til fylkesleiaren i Vestland Bondelag ynskjer Bondelaget fleire verkty i verktykassen raskt.  - Vi kan ikkje vente til lovverk og nye strategiar er på plass.  Til liks med fri kalveskyting må det kome nye verkemiddel før jaktsesongen 2023., sa ein tydeleg fylkesleiar 

Program for seminaret

Anders Felde si innleiing

 

Drøftingar kring verktykassen

Møtet var organisert som ein arbeidsverkstad der ein veksla mellom innleiingar og gruppediskusjonar på utvalde tema.   Mellom anna drøfta ein seg gjennom ei konkret liste med 22 ulike verkty.  I tillegg til dei 22 kom gruppene med innspel på andre verkty.   Nokon av verktya er tillatne i dag.  Andre verkty på lista er det ikkje:

  • Tillate å skyte frå motoriserte køyrety
  • Auka jakttidsramma frå 1. august til 15. februar
  • Ta i bruk ny teknologi for å auke effentiviteten (nattkikkert, termisk kikkert o.l.)
  • Framleis tillate med måneskinnsjakt
  • Auka fokus på kalveskyting og 
  • Gjerde inne landbruksareal og fòrlager
  • Stille krav til grunneigaen sin jaktrett
  • Pålegge grunneigarar i ein kommune å ha ein felles bestandsplan
  • Incentivordningar for interkommunalt samarbeid
  • Skille jaktoppleving frå kjøtet
  • Fjerne minsteareal og tellande areal
  • Innføre botnlinjeprinsippet
  • Nasjonal handlingsplan for rekruttering
  • 10 most wanted dead and alive
  • Auke kommunale viltfond
  • Nasjonalt viltfond
  • Ny strategi for framtida si forvaltning av store beitedyr
  • Etablere Norsk Hjorteviltsenter
  • Føreseielege varestraumar ved etablering av infrastruktur
  • Buke A1 for modellering av bestanden
  • Forenkling av regelverk
  • Fri avskyting av kalv og unge koller på innmark
  • Ulike verkemiddel på innmark og utmark

 

Kva hjortebestand skal vi arbeide mot? 

Avslutningsvis gjennomførte arbeidsverkstaden gruppediskusjonar kring tre ulike scenario

  • All time high i 2032
  • Halvering av bestanden i 2032 i høve til i dag
  • 1990 nivå - då den store veksten starta

Vegen vidare

Norsk Hjortesenter har fått oppdraget med å utarbeide ei oppsummering frå arbeidsverkstaden.  Oppsummeringa ert levert til Miljødirektoretat. 

Miljødirektoratet har i fleire år arbeidd for ei revidering av viltlova.  Det er eit mål at den skal kome på høyring i løpet av 2023.  Elles skal direktoratet starte opp arbeid med ein ny strategi for forvaltning av hjortevilt.  Med det som utgangspunkt kom denne arbeidsverkstaden i rett tid. 

Her kan du lese rapport frå 2021 som  evaluerer den forrige hjorteviltstrategien.