Å vere fylkesleiar i Hordaland Bondelag er kjekt, men nokon ting er ekstra kjekt å vere med på, skriv Peder Nernæs. I dag var det fjøsopning hjå Eivind Myrdal som stod på programmet.

Fjøset er opprinnelig bygd i siste halvdel av 1800-talet og er no ombygd igjen, denne gongen til lausdriftsfjøs for mjølkeproduksjon med ein kvote på 80 000 liter. Det er fantastisk å sjå kva dei har fått til og eg vonar det er til inspirasjon for andre.

No får me håpa at forhandlingsutvalget og staten prioriterer små og mellomstore bruk også i fortsetjinga. Dei fleste av bruka som framleis driv i båsfjøs er i storleiken opp til 30 (kanskje til og med opp til 20) kyr og treng drahjelp både på driftsøkonomi og investeringsmidler for å kunne vere med vidare. Mister me desse bruka er eg redd mykje står for fall i norsk landbruk.

Tekst: Peder Nernæs
Bilde: Peder Nernæs og Eivind Myrdal