Med kunnskap - for framtida

Regjeringa har vedteke å opprette eit nytt institutt for bioøkonomi, NIBIO, frå 01.07.2015. Det nye instituttet er ein fusjon av Bioforsk, Skog og landskap og NILF, med hovudkontor på Ås.

Vestlandet sitt kyst- og fjordlandskap er særeige m.o.t. jord og klima, noko som også fører med seg driftsmessige utfordringar. Forskingsstasjonane må difor plasserast i produksjonsområda som fangar opp desse ulikskapane. Årsmøtet i Hordaland Bondelag ser ikkje at desse utfordringane vert teke godt nok vare på i fusjoneringsplanane.

Bioforsk Fureneset                                
Hovuddelen av det dyrka arealet i dei tre vestlandsfylka, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vert nytta til grovfôrproduksjon. Grovfôrbasert husdyrhald er berebjelken til landbruksnæringa i det vestlandske kulturlandskapet, der mjølk og kjøt utgjer størstedelen av produksjonen.

Bioforsk Fureneset, med mellom anna spesialkompetanse på myrjord, er lokalisert i det fuktige og brattlendte produksjonsklimaet på Vestlandet. Drenering, klimatilpassa plantemateriale og husdyrgjødsel (dvs. nytteverknad og tap knytt til lagringsmåte, spreietidspunkt ,spreiemåte, mengde, ol) er nokre av utfordringane landbruksnæringa møter når ein skal auke avlingsmengda. I dette arbeidet har Bioforsk Fureneset ei avgjerande forskings- og utviklingsrolle som forskingsstasjonar i andre landsdelar ikkje kan fylla.

Bioforsk Ullensvang
Bioforsk Ullensvang er plassert i Noregs største fruktdistrikt, og yter ikkje berre tenester til Hordaland og Sogn og Fjordane, men også til ei samla norsk fruktnæring. Framtidssynte fruktdyrkarar såg tidleg at det var behov for forsking og utvikling for å løfte næringa vidare. Difor starta næringa sjølve opp Ullensvang forsøksgard (no Bioforsk Ullensvang) i 1949.

Regjeringa seier at næringsutvikling skal vera basert på forsking og utvikling. Fruktmiljøet i Hardanger er ”motoren” i norsk fruktdyrking. For å lyfte miljøet fagleg vidare, er ein avhengig av eit forskingsmiljø og kompetansesenter som ligg tett inntil dyrkingsmiljøet. Dersom det i framtida skal vera eit norsk fruktforskingsmiljø, må dette framleis lokaliserast i Hardanger.

Samspel med andre kompetansemiljø i Bergensregionen
Årsmøtet i Hordaland Bondelag krev at NIBIO må ”ta eit tak” her på Vestlandet, mellom anna ved å la forskingsstasjonane i Ullensvang og på Fureneset bestå.

Bergen er eit kraftsenter innan forsking og utvikling – både i sjø og på land. Med store forskingsmiljø som t.d. UiB, NHH og Havforskingsinstituttet, ligg tilhøva til rette for NIBIO å utnytte synergieffekta i tverrfaglege forskingssamarbeid, også m.o.t. bioøkonomi og det blå-grøne samarbeidet. Det vil vere eit svik mot landbruksnæringa på Vestlandet dersom moglegheita i dette samspelet ikkje vert nytta fullt ut.

 

Kontakt:
Leiar i Hordaland Bondelag Frøydis Haugen       tlf:       482 89 669
Organisasjonssjef Lars Peter Taule                     tlf:       908 58 555