Forelsket i landbruket
I haust hadde Hordaland Bondelag og Lanbrukstunet kompetanse ein videokonkurranse med tittelen "Landbruket ruler". I samband med Valentindagen minner vi om andreplassen, "Forelsket i landbruket".
Landbruket ruler
Korleis vil elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular i Hordaland framstille næringa vår? Dette var utgangspunktet for Hordaland Bondelag sin videokonkurranse, "Landbruket ruler". Elevane vart utfordra til å lage ein kreativ filmsnutt med humoristisk vri.
15 år gamle Håvard Bergo frå Eksingedalen gjekk til topps i knivskarp konkurranse med 19 andre innkomne filmsnuttar. Filmen "Mellom bakkar og berg" er ein gjennomført film som skapar entusiasme og gode følelsar, i følgje juryen.
Andre- og tredjeplassen gjekk til "Forelsket i landbruket" og "Bli fagmann for f#%!!!". Begge filmane er lagde av elevar på Vg2, media og kommunikasjon ved Garnes vidaregåande skule. Konkurransen vart gjennomført i samarbeid med Landbrukstunet Kompetanse.