Førde Bondelag vil utsetje eller fjerne lausdriftskravet
27.oktober hadde Førde Bondelag årsmøte på Sunde skule.
Bjørn Harald Haugsvær (KrF), assisterande landbruksdirektør og varaordførar i Førde, orienterte om jordproblematikken i kommunen.Han ynskjer finne/ bruke anna areal framfor matjord, men er redd det vert for dyrt.Møtelyden påpeika knappheit på matjord.
Utfordrar KrF
Tidlegare fylkesleiar Per Hilleren, var spesielt invitert frå lokallagsstyre i høve jordvernproblematikken i Førde. Han utfordra KrF på å vere tydelegare i jordvernproblematikken.
Lausdriftskravet
Styret i Førde Bondelag har utarbeida høyringssvar der dei er tydelege på at lausdriftskravet må utsetjast eller fjernast.
Val
Leiar: Oddgeir Kvamsås attval
Styremedl: Steinar Hundvebakke, attval
Styremedl: Monika Igland Frøysland, ny
Styremedlem: Sindre Aasen
Styremedlem: Karin A Øverli Grøneng
Styremedlem: Øystein Holsen
1. vara: Bjarne Ness