Arrangørkomitèen bestod av Gartnerhallen SA, Felleskjøpet Agri, Landkreidtt Bank, Nortura, Tine og Vestland Bondelag. Målet dei sette for samlinga var minimum 30 - dersom 30 personar melde seg på samlinga skulle vi vere nøgde og gjennomføre samlinga. Då påmeldingsfristen gjekk ut var det over 80 påmelde og venteliste. :) 

Møteleiar Peder Nernæs losa forsamlinga trygt gjennom dei to dagane vi var samla. - Det er ein fryd å komme inn her og sjå så mange nye, engasjerte bønder. Dette lovar godt for framtida til Vestlandslandbruket. 

Første post på programmet var administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Gaute Lenvik. 

Petter Skåre frå Landkreditt Bank tok stafettpinnen vidare, og gav deltakarane mykje å tenkje på i forhold til økonomi. - Mange spør meg ofte korleis det står til med økonomien i landbruket. Dette er omlag umogleg å svare på for det er så store skilnadar. Skåre hadde ei oppfordring til forsamlinga. - Skaff deg ei innsikt i økonomien på garden DIN, få deg eit nettverk av flinke og interesserte bønde, og ver realistiske optimistar. 

Atle Roset frå Felleskjøpet Agri informerte deltakarane om Felleskjøpet si satsing mot nye bønder samt om satsinga på innsamling av landbruksplast. 

Frå landbruksplast gjekk vegen vidare til dyrevelferd. Her var det Anja Fyksen Lillehaug, seniorrådgjevar i Norges Bondelag og Laura Lundegård Jensen, veterinær i Nortura, som førte ordet. - Fokuset på dyrevelferd er stort og kjem nok til å verte større etterkvart som tida går. God dyrevelferd er først og fremst viktig med tanke på dyra i seg sjølv. Kvart enkelt dyr skal ha det godt. I tillegg fører god dyrevelferd til eit godt arbeidsmiljø for bonden, det betalar seg økonomisk og gir eit godt omdømme og tillit til norsk matproduksjon, sa Anja. 

Frå venstre Laura Lundegaard Jensen og Anja Fyksen Lillehaug.

 - Når vi tar eit dyr inn i eit fjøs, så tek vi frå dei moglegheita til å regulere livet sitt sjølv. Dermed er det vårt ansvar å syte for at dyra våra har det bra, og det er vårt ansvar å gjere tiltak dersom vi ser avvikande åtferd. Bruk augene deka og bruk sunn fornuft, så kjem de langt, var oppfordringa frå Laura.  

Digital deltaking frå Ragnar Tafjord frå Klar Energy. Han gjekk gjennom ulike typar solcellepanel og festeanretningar, støtteordningar, energiproduksjon og nedbetalingstid. 

Deretter gjekk turen til Kjosås og Stuve Samdrift, der Cato Haaheim Kjosås fortalte om drifta si og kva løysingar dei har gått for både med tanke på bygningsmasse, teknologiske løysingar, dyrehald og fordeling av fjøsstell og anna arbeid i drifta. Det vart òg tid for spørsmål og for å sjå seg om i fjøsen.  Første dag vart avslutta med middag og sosialt samver i restauranten. 

Dag to starta opp med Jan Erik Fløtre frå Nortura og Kjetil Lerfall frå Gartnerhallen SA, som saman gjekk gjennom marknadsutvikling og moglegheiter for dei nye bøndene. 

Jan Erik Fløtre frå Nortura om marknadsutvikling, prissetjing og etterspurnad. - Hurdalsplattforma er lovande for landbruket, men då er det òg opptil oss som bønder og leverandørar at vi føl på og gjer det vi kan for at lovandane der kan gå i oppfylling.

Kjetil Lerfall frå Gartnerhallen Sa. - Samvirket er uvurderleg for oss som er bønder på Vestlandet. Det er med på å sikre at vi får produkta våra ut i marknaden til lik pris som dei som ligg nærare marknaden. 

Petter Klette frå Tine fekk ein digital stafettpinne og heldt neste innlegg via Teams. Han fokuserte på moglegheitene for dei nye bøndene kring presisjonslandbruket og teknologisk utvikling, samt korleis Tine jobbar saman med bøndene for å få best mogleg grovfôr produksjon. 

Største posten på laurdagen gjekk til Laurdagsrådet. Her stilte Karsten Valland frå Innovasjon Norge og Bjørn Harald Haugsvær frå Statsforvaltaren i Vestland og fortalte innleiingsvis om deira rolle for å støtte dei nye bøndene. Med i panelet var òg ny bonde Sindre Tveit som kunne fortelle kring sine eigne erfaringar som nyoppstarta bonde og Peder Nernæs som har litt fleire år bak seg som bonde. Ordet var fritt og fleire stilte gode spørsmål til panelet som vart svart ut fortløpande. 

Frå venstre Karsten Valland frå Innovasjon Norge, Bjørn Harald Haugsvær frå Statsforvaltaren i Vestland, Sindre Tveit og Peder Nernæs. 

Siste post på programmet var det Bjørnar Gjerde, konserntillitsvald i Tine. Han stilte sporty opp på svært kort varsel og tok deltakarane med gjennom sine tankar som bonde og tillitsvald. 

Samlinga vart avslutta med ein god lunsj. Fleire av deltakarane oppsummerte samlinga som svært kjekk og lærerik, og ikkje minst at dei hadde fått utvida kontaktlista si med fleire nye bekjentskap.