Denne veka var Vestland Bondelag med å arrangere eit webinar om lokalt skogsvirke som oppvarmingskjelde på garden. Styremedlem Gry Ingvild Agjeld heldt eit innlegg om landbruk som ein del av løysinga på klimakrisa.

Karl Ludvig Ådland frå CH4 Engineering AS fortalde om dei ulike løysingane for gardsvarmeanlegg og Olve Sæhlie frå Innovasjon Norge snakka om støtteordningar knytt til bioenergi.

Dirk Kohlmann frå Statsforvaltaren presenterte ein ny film frå garden til Lars Selheim på Voss. Selheim gard har mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon. Dei har også gardsslakteri og foredlar og sel eigne produkt. Dei brukar mykje straum i året, og for å verte meir berekraftige og sjølvforsynte valde dei å byggje eit flisfyringsanlegg. Eit slikt anlegg kan vere ei gunstig investering for dei som har oppvarmingsbehov fleire plassar på garden. Sjå filmen frå Selheim gard:

 

 

Du kan lese meir om Gardsvarmeprosjekt Vestland i bondeboka.no.