Fjaler og Hyllestad Bondelag har fusjonert
Eit større fagleg og sosialt miljø for bøndene i begge kommunar var ein viktig motivasjonsfaktor for samanslåinga. Etter skipingsmøte i desember, og val av nytt styre, er det eit felles lokallag i kommunane Fjaler og Hyllestad.
Namnet på det nye laget er Fjaler og Hyllestad Bondelag. Dei tidlegare laga i dei to kommunane gjennomførte ordinære årsmøte i haust, der samanslåing vart teke opp som tema. Medlemane var positive til samanslåing, og 10. desember fann skipingsmøtet stad på Yndestad gard. Motivasjonen for samanslåinga var mellom anna å leggje til rette for fleire møteplassar for bøndene, og skape eit større fagleg og sosialt miljø. Magne Nordal frå Dale er leiar for det nye laget. Med seg i styret har han:
Nestleiar Ole Ivar Åm Sognnes, Leirvik i Sogn
Kasserar Bente Karin Ulvik, Sørbøvåg
Sekretær Hilde Åsnes, Flekke
Varamedlemar Finn Atle Leirpoll, Flekke, og Endre Risnes, Hyllestad