Fitjar Bondelag utnemner ni Bondevenner
Fitjar kommune har også mange Bondevenner, og onsdag vart ni av dei heidra med diplom og T-skjorte. Leiar i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, sto for utdeliga på Fitjar vidaregåande skule.
Fitjarposten og ordføraren i Fitjar, Wenche Tislevoll, var blant bondevennene som vart heidra.
Både tidlegare rektor v/Fitjar vgs Anna Bodil Hestenes Tislevoll og noverande rektor Leif Helge Engelsen fekk utmerkinga, i tillegg til lokalmat-entusiastar Odd Sverre Larsen og Martin Nysæter.
Dagleg leiar i Fitjar Meieri, Odd Bondevik, tidlegare landbrukssjef Audun Inge Torvund, og Margareth Tislevoll, kokkelærar på Fitjar vgs og leiar i Slowfood Sunnhordland, er også utropt som Bondevenner.
Les kvifor dei vart valt ut i Fitjarposten.