I samarbeid med Harris advokatkontor inviterte Vestland Bondelag til miniseminar om allemannsretten og ferdselsrett. Innleiarane var advokatane Merete Tollefsen og Børje L. Hoff.  Webinaret hadde god påmelding og gav eit lite innblikk i nokon av dei problemstillingane som kan oppstå i skjeringspunktet mellom allmenn ferdsel og grunneigarrettar.  

Tema for webinaret

  • 1. Allemannsrett – kva er det? 
  • 2. Ferdselsrett i inn- og utmark
    • Ferdsel i utmark er lov
    • Ferdsel i innmark er unntaksvis lov 
    • Kva ligg i omgrepet innmark? 
  • 3. Kommunal uttale om kva som er utmark og innmark 
  • 4. Oppfølgnings- og reaksjonssystemet etter friluftslova
    • Ulovleg ferdsel
    • Ulovleg skilting og stengsel 
  • 5. Organisert og/eller kommersiell utnytting av allemannsretten 

Her finn du plansjane som vart nytta i Webinaret

Dette webinaret er eitt av fleire webinar som Vestland Bondelag arrangerer gjennom året på ulike tema.