Felles årsmøte for Gulen og Masfjorden
Nordre Gulen Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag har slått seg saman.
Nordre Gulen Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag hadde felles årsmøte og vedtok å slå seg saman. Masfjorden Bondelag gjekk inn i Gulen og Masfjorden Bondelag etter fylkessamanslåinga, så no er det tre lag som har blitt til eitt. Leiar i det nye Gulen og Masfjorden Bondelag er Normann Grimen.
Olav Myhr møtte for fylkeslaget. - Det vart ein god diskusjon rundt aktuelle tema og utfordringer, seier Olav, til dømes revidering av gjødselvareforskrifta.
Dei som møtte fram gav uttrykk for at det var kjekt å treffast fysisk igjen. Det nye lokallaget ynskjer å prioritere aktiviteter med vekt på det sosiale framover.