Erlend Brede Fossen held fram som leiar i Viksdalen Bondelag
Tysdag 23.oktober hadde Viksdalen Bondelag årsmøte på Viksdalen bygdetun.
PÅ ÅRSMØTE: 17 personar kom på årsmøtet til Viksdalen Bondelag.
På programmet sto vanlege årsmøtesaker. Dei diskuterte også kurs og julemiddag for laget.
Henriette Sunde frå fylkeslaget kom og orienterte om aktuelle saker.
Eit av tema som kom opp var klima og klimaavtrykk.
Val
VIKSDALEN BONDELAG: Det var ein engasjert gjeng som møtte på årsmøtet.
Erlend Brede Fossen held fram som leiar, resten av styret tok også attval.