Torsdag 15. mai samla vossabønder og bønder frå kringliggande kommunar seg framfor Voss Tinghus for å stilla kommunestyrerepresentantane eit enkelt spørsmål: Er tilbodet frå staten til bøndene godt for vossabonden?

Ikkje overraskande svarde dei fleste nei, men mange svarde at dei ikkje hadde sett seg nok inn i saka til å gi noko svar. Dei måtte gå til høgre for det blå tauet der også møkaslangen til Bjørne låg, medan dei som støtta bøndene fekk gå til venstre.

3 mjølkebønder sto også til utstilling, men ingen ville svara på spørsmålet om kven av dei som måtte finna noko anna å gjera hvis Listhaug sine planar vert realisert. Ein Høgrerepresentant med nøkkel til bakdøra bråsnudde då bøndene under partyteltet vart oppdaga.

Frp sin gruppeleiar Leif Arne Vangsnes var tydeleg på at han ikkje støttar staten sitt tilbod, og lova dyrt og heilagt å bringa det oppover i partiet. Han fekk difor gå på venstresida av den blå tråden inn i tinghuset! Jordbruksskulen var sterkt representert med om lag 20 elevar, så framtida i vestlandslandbruket var godt representert i aksjonen.

Tekst og bilete: Trond Olav Neteland, leiar i Vossestrand Bondelag

Les i Avisa Hordaland

Trugsmål frå bøndene

3 mjølkebønder. 2 av dei må finna på noko anna hvis Listhaug får viljen sin

Bjørne rullar ut møkaslangen. Dei som er mot staten sitt tilbod må gå til høgre, der møkaslangen ligg

Elevar frå Voss Jordbruksskule spør politikarane om dei er nøgde med tilbodet

Framtida for norsk landbruk! Godt oppmøte frå Voss Jordbruksskule

Varaordførar Sigbjørn Hauge, SP, i dag fungerande ordførar var einig med demonstrantane

Sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen, V, støtta demonstrantane

Frode Hordvik, Voss Høgre, har tilliks med landbruksministeren vakse opp på ein gard

FrP sin gruppeleiar, Leif Arne Vangsnes vart sendt på rett side

Avisa Hordaland var på plass