Er det best for miljøet om vi sluttar å produsere mat i Norge?
Er det best for miljøet om vi sluttar å produsere mat i Norge? Dette er eit av spørsmåla som vert sett på spissen og som skal drøftast når Miljøgruppa i Førde Sokneråd inviterer til temakveld på kyrkjetunet onsdag 5. mars.
Onsdag 5. mars kl. 18.30 er det Temakveld på Førde Kyrkjetun, der mellom anna miljø og handel med matvarer er tema. -Dette er sjølvsagt tema som Bondelaget har sterke meiningar om, og som vi gjerne vil vere med å diskutere, seier rådgjevar Anita Sæther i Sogn og Fjordane Bondelag. Saman med Gunnar Kartveit frå Kirkens Nødhjelp og Mattias Bergset frå Changemaker, innleier ho til debatt. Etter innleiingane er det rom for spørsmål og diskusjon. -Mat og miljø er tema som vedkjem "alle", og eg håpar mange kjem og vil ta del i diskusjonane, seier Anita Sæther.
Møtet er ope for alle. Invitasjon med program frå Førde Sokneråd finn du her.