Engasjert gjeng i Eikefjorden
- Litt spent, men mest kjekt på mitt første oppdrag som utsending til lokallagsårsmøte, seier 1. vara til fylkesstyret Ellen Eiken som representerte fylkeslaget på Eikefjord Bondelag sitt årsmøte
Medlemene i Eikefjord var opptekne av korleis mindre bruk skal klare omlegginga økonomisk frå båsfjøs til lausdrift i mjølkeproduksjonen. Det var engasjerte drøftingar kring avstand, køyring og økonomi i å skape eit fornuftig driftsopplegg tilpassa garden sine ressursar. Medlemene var også opptekne av avfallshandtering, dyrevelferd og dyrehelse i møtet.
Styret i Eikefjord Bondelag f.v.: Beate Steindal, Stein Ove Svardal, Bodil Hovland Øren, Stig Rune Svorstøl, Idar Øren, Asle Magne Ellingsund og Frode Steinhovden.
Asle Magne Ellingsund held fram som leiar i Eikefjord Bondelag. Lukke til :)