Elevar på gardsbesøk
1. til 4. klasse ved Breim skule var sist veke på gardsbesøk. Over 60 elevar fekk sjå sauer, lamb, kyr, kalvar og oksar. Det gjekk med 25 liter pannekakerøre og dei to eldste klassane laga seg fuglekassar. Kasseprosjektet skulle dei jobba vidare med på skulen, sjå bilder frå den vellukka dagen her.