- Eit svært godt krav
Onsdag 26. april leverte landbruket sitt krav til staten. No er jordbruksforhandlingane for 2017 i gang.
- Dette er eit svært godt krav med tanke på små og mellomstore bruk, seier Anders Felde.
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at kravet har ei økonomisk ramme på 1450 millionar, der 1150 millionar skal finansierast av budsjettmidlar.
- Dette kravet må til for å treffe dei utfordringane norsk landbruk har.
Denne veka vart også jordbruksmeldinga vedteke i Stortinget, og med stortingsfleirtalet og forbrukar i ryggen er Felde optimistisk.
- Fleirtalet er tydelege på at ein skal tette inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Vi ser også at dei vil legge til rette for inntektsmoglegheiter for stor og liten i heile landet. Kravet vårt tek hensyn til vedtaket av jordbruksmeldinga på alle måtar.
Eit nødvendig løft
- Kravet er også eit målretta løft for vestlandsbonden. I våre områder går store areal ut av drift. I tillegg ligg vestlandsbonden bak resten av landet når det gjeld inntektsutvikling.
I fylgje Felde er kravet eit signal om å satse på vestlandsbonden.
- Vi ser at kravet hevar mjølkebonden på vestlandet med 13 000 meir enn resten av sør- Norge. Vi ser det på dei 100 vinterfôra sauene som skal løftast i inntekt. Vi ser det på frukt, bær og grønt, der ein innfører tak på arealtilskotet. Vi ser det på ammeku, og vi ser det på investeringsverkemidla.
Håpar på avtale
- Dette kravet er veldig godt. Det svarar på dei utfordringane både det politiske fleirtalet på stortinget peikar på, og som vi sjølve ser internt i landbruket. Det handlar om kva for eit landbruk vi vil ha.
No håpar Felde at staten kjem landbruket sitt krav i møte.
- Vi håpar alltid på avtale, så er det opp til Regjeringa å levere varene.
Tilbodet frå staten kjem fredag 5.mai.