Årsmøtet i lokallaget var lagt til Leirgulen Handel.  Staden der du  møter brua som knyt sjølve Bremangerlandet saman med fastlandet.  Lokallaget har det siste arbeidsåret gjennomført styremøta på Teams, dei har invitert barn og ungdom i den lokale 4H-klubben på fjøsbesøk, delteke på aksjonane ved jordbruksoppgjeret 2021 og organisert innsamling av landbruksplast.

Lokallaget har tenkt "matnytte" for medlemene i planlegginga av komande arbeidsår.   Difor står både studiering framfor jordbruksforhandlingane, grøftekurs i lag med Norsk Landbruksrådgjeving, møte om gjerdehald mot utmark og gardsbesøk hos leiar Stein Kåre Karstensen og familien i Davik og hos Svoda Samdrift i Ålfoten på arbeidsplanen til lokallaget.

Nokon av deltakarane på årsmøtet i Davik/Ålfoten Bondelag

Styret i lokallaget f.v. Idar Dombestein,Stein Kåre Karstensen, Ole Bjørn Førde, Brynjar Myklebust og Daniel Hoel

Styremedlem i Vestland Bondelag Nils Magne Gjengedal la turen innom den nye fjøsen til leiar i lokallaget Stein Kåre Karstensen og hans familie.  Der hadde også lokallaget invitert inn barn og ungdom tidlegare på sommaren.

Dette kartet syner spennet i geografien der Davik/Ålfoten Bondelag rekrutterer sine medlemer