Det Norske Måltid
Konkurransen løfter fram norske mat- og drikkeprodusentar og bidrar til næringsutvikling ved auka etterspørsel og styrka omdømme for norsk matproduksjon. Det er med å styrke primærnæringane og foredlingsbedriftene innan norsk matproduksjon.

Det Norske Måltid er ei prestisjefylt prisutdeling der dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg konkurrerer i tretten kategoriar. Konkurransen om dei beste matprodukta i Norge starta i 2008 og syner både breidda i matproduksjonen og dei unike råvarene vi har her i landet. Kvart år reiser Det Norske Måltid landet rundt og gjennomfører konkurransen.

Kari Sigrun Lysne og Ivar Petter Grøtte frå Sogn Frukt og Grønt var finalist til "årets grønne" saman med Hvasser asparges og moreller frå Helgøyfrukt. Hvasser asparges vann denne kategorien.

Vestland gjorde det bra innan drikkeprodukt. I "årets drikk" var både Alde og Balholm nominerte, men det var Fiskum fruktpresseri som vann kategorien. Kinn bryggeri var nominert i "årets øl", men nådde ikkje heilt opp. I kategorien "årets sider" var alle dei tre nominerte frå Vestland. Både Store Naa Siderkompani og Hardangerbonden var nominerte, men Svans frå Alde gjekk av med si.

Svanøylaks var nominert i kategorien "årets sjømat foredlet"

Vi gratulerer både dei nominerte og vinnarane!

Mette B. Julius Evensen vart den nye bondelagskokken.

Kari Sigrun Lysne og Ivar Petter Grøtte med aprikos frå Lærdal. Foto: Det Norske Måltid