Eid Bondelag er kjende for å tenkje nytt
- Mange faste aktivitetar vart avlyste i 2020, men eg er jammen glad for at vi fekk til eit sosialt treff på Tore-garden i november, seier lokallagsleiar Knut Tore Nes Hjelle
- Vi laga eit opplegg med stort fokus på smittevern,og det fungerte fint. Da vart ein skikkeleg kjekke kveld, held leiaren fram.
Hovedaktivitet var øksekasttevling der vi kåra beste mann og kvinne i Eid bondelag. Skulle sjølvsagt ha vunne sjølv, men slik gjekk det ikkje denne gongen held ein humørfylt leiar fram
Vinnarane i øksekast vart Wenche Starheim og Arve Dahl - GRATULERER :)
So var det open butikk og enkel servering der vi heldt vestlandsløfse pakka inn i plast og den enkelte hadde med kaffi på eigen termos. Da er om å gjere å tenkje enkelt i desse koronatider. Det gjeld å sjå kva som er mogleg å få til, og ikkje fokusere på det vi ikkje kan gjere noko med, avsluttar Nes Hjelle.
Les meir om Toregarden