Du må handle før det går gale
- Eg håpar dei som var til stades fekk seg ein tankevekkar, til å tenkje førebygging i sitt daglege virke på garden, seier Kolbjørn Taklo i Landbruket sin HMS teneste i ein kommentar til HMS dagen som vart gjennomført på Mo og Jølster Vidaregåande skule i går.
Tilskipinga på Mo var starten på kampanjen tryggleik og helse i landbruket i Sogn og Fjordane. Kampanjen er praktisk retta, og det var demonstrasjonar av kva som skjer når ein roterande aksling på traktoren tar tak i kjeledress eller jakke. Ein drivaksel roterer 540 ganger i minuttet, den stoggar ikkje om noko sit fast i den. Vidare demonstrasjon av korleis vernebuksa stoggar motorsaga før den skjer i foten. I fjøset blir det fokus på handtering av store dyr i binge. Førde brannvesen stilte med personell og det var praktiske sløkkeøvingar av brann. I tillegg var det demonstrasjon av korleis setebelte kan redde liv, med ”Veltepetter” frå NAF. Elevane gjennomførte også eit verneløp på garden for å avdekke farlege moment i arbeidsmiljøet.
Kampanjen «Tryggleik og helse i landbruket»
Landbruket i Noreg slit med høge skadetal, mange dødsulukker og eit stort tal ulukker av svært alvorleg grad. I Sogn og Fjordane har det berre siste to månadane vore tre alvorlege ulukker med traktor og to alvorlege fallulukker. Tal frå prosjektet ”Skadefri bonde” www.skadefribonde.no syner at 9,2% av bøndene er utsette for skade kvart år.
«Tryggleik og helse i landbruket» er ein 2 årig landsdekkande kampanje, eit samarbeid mellom staten og dei største aktørane innan norsk landbruk. Landbrukets HMS-tjeneste er fagleg ansvarleg for kampanjen. Målet er å setje fokus på dei farlegaste situasjonane i landbruket og motivere til handlingar for å hindre at dei skjer.
Særskilde fokusområder :
- tryggleik på traktor
- fallsikring
- handtering av store dyr
- tryggleik ved skogsarbeid
- støv og brannsikring