Det er viktig å kunne ha det sosialt saman kring gode mat, også på årsmøta i lokallaga våre seier ein strålande nøgd Ole Bjarne Hovland. Det er meir enn nok alvor i verda så vi lyt kose oss litt når vi kan.  Difor er det svært kjekt når ramma kring årsmøtet vert slik som i Viksdalen.  Det synerbåde dugnadsvilje og tradisjonar som er svært viktig å ta vare på held Hovland fram.  

Er vi synlege nok der barn og ungdom ferdast?

Frå møtelyden vart det stilt spørsmål ved om vi i Bondelaget er synlege nok der barn og ungdom ferdast.  Korleis når vi fram til ungdom i vidaregåande skule og på universitet og høgskular?  Kjenner dei som er unge i dag verdien av kor viktig det er med sjølvforsyning og eigen matproduksjon for eit land? Kjenner ungdomen til kva arbeid som ligg i å produsere mat og kor sårbare vi er som nasjon?

Nokon bønder i Viksdalen hadde opna fjøsa for unge vaksne i aldersgruppa kring 20 år.  Dei oppdaga då kor lite desse unge vaksne veit om korleis maten vert produsert og kva arbeid som ligg bak. 

 

Styret etter årsmøtet

Frå venstre Erlend Brede Fossen, Torstein Hatlestad, Ivar Andreas Strand og Jan Morten Råheim. Idar Viken var ikkje tilgjengeleg for møte.   Har Viksdalen Bondelag eitt av dei yngste lokallagsttyra t i Vestland? med sin snittalder på 37,2 år.?