I 2022 er den nasjonale ramma for Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket på 107 millionar.   Grunnen til at Innovasjon Norge (IN) no også støttar solcelleanlegg er at landbruket i større grad må ta grep for å redusere klimaavtrykket i matproduksjonen.  Solcellene har dessutan vorte billegare og meir effektive dei siste 5-10 åra.   Innovasjon Norge kan difor gje støtte til kortreist energiproduksjon.  Det vil seie energi som vert brukt på gardsbruket. 

Finansiering av støtte til solenergi kjem inn under det IN kallar gardsanleg med næringsformål.  Eit krav her er mellom anna at det er aktiv landbruksdrift på garden, samt eit forbruk på minimum 25.000 kwh i næringssamanheng.

Sogn Jord- og hagebruksskule har realisert draumen om solceller på taket

Sjekk forbruk av straum

Sjekk forbruk av straum frå 1. april til kring 1. oktober.  I denne perioden solcellene 70-80 % av årsproduksjonen.  Ein føresetnad frå IN er at du bør bruke det aller meste av straumen du produserer (70-90%) sjølv på eigen gard, for å sleppe å sende straumen ut på nettet. 

Simuleringsrapport

Dersom du vil gjere draumen om solceller om til realitet bør du få leverandøren til å lage simuleringsrapport som viser kor stor del av den straumen solcelle produserer som du kan utnytte sjølv.

Søknadsprosedyre

 Her er lenkje til heimeside og søknadsskjema dersom du ønskjer søke om støtte

Inne på nettsida går du inn på Opprett søknad for investering i anlegg for bioenergi -    Trykk på Bank-id og "Min Side" -    Hald fram med å fylle ut organisasjonsnummer med meir..............

Inne på skjemat for bioenergi søkjer du på Gardsvarmeanlegg i næring.  I 2022 vil IN normalt løyve inntil 25 % støtte. 

Dersom du tenkjer å søke om støtte er det fint om du i søknaden legg ved totaltilbodet frå leverandør amt dokumentasjon på kraftforbruk i perioden 01.04.-01.10., pluss at du orienterer om framtidig kraftbehov.  Legg også ved næringsoppgåve for siste år samt skattemelding fordeg sjølv og ektefelle/sambuar.

Søknad om støtte kan sendast inn frå no og vert handsama på nyåret 2022.  Søknaden må sendast FØR du investerer.  På grunn av stor pågang tilrår IN at søknaden vert sendt seinast i februar 2022.

Vedlagt ligg liste over aktuelle solcelleleverandørar i vestland og Rogaland som vi har fått oversikt over frå IN.  Det finst sikkert fleire andre også. 

Norsk Solenergiforening - Kompetansemiljø på solenergi og solceller

Solbære AS (Bergen)

Solcellespesialisten

Otovo Solar

Solcellekraft AS

Kverneland Energi

Haugalandet Kraft

BlueTec Vest AS

 

Kontaktpersonar i Innovasjon Norge Vestland

Leif Inge Husabø, finansieringsrådgjevar - telefon: 994 44 683,  leif.inge.husabo@innovasjonnorge.no -  Sogndal

Åge Bremer, finansieringsrådgjevar - telefon 975 93 036 -  age.bremer@innovasjonnorge.no -  Bergen

 

Andre artiklar

Solcelle på garden

Felleskjøpet

 

Lukke til på den spanande vegen frå draum til realitet :)