Distriktsjordbruket treng eit løft!
- Det er avgjerande for medlemene i Sogn og Fjordane at Landbruksmeldinga si satsing på distriktsjordbruket vert følgd opp og at distriktslandbruket vert prioritert i årets jordbruksoppgjer, heiter det i ei fråsegn frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag
Skal målsettinga om auka produksjon av mat på norske ressursar bli nådd er det nødvendig å sikre utnytting av dei samla nasjonale jord- og beiteressursane. Vi treng all dyrka jord og beiteressursar i inn- og utmark i produksjon.
Vi har opplevd betydelige endringar i jordbruket dei siste åra. Dette har fått konsekvensar for produksjon og drift av areal i marginale område. Skal ein lukkast i å auke norsk produksjon av mat må det leggast betre til rette for at også areala og ressursane i desse områda vert tekne i bruk.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at det i årets jordbruksforhandlingar må starte eit arbeid for å betre rammevilkåra for distriktslandbruket. Ei styrking av distriktsprofilen må skje i form av eit betydeleg løft i budsjettoverføringane. Årsmøtet føreset at det i årets jordbruksoppgjer vert prioritert midlar til ei slik satsing, og at det vert sett ned eit partssamansett utval som utarbeider ein langsiktig plan for distriktslandbruket står det avslutningsvis i fråsegna frå fylkesårsmøtet.
Frå årsmøtesalen 2012