Skal ein lukkast med å utvide marknaden for norske grøntprodukt må heile landet takast i bruk.  Lysne var svært tydeleg på at distrikta må få sin del av veksten.  Sentraliseringa av produksjonane til få produsentar i dei mest sentrale delane av landet er ikkje vegen å gå.   Distrikta må verte tildelt auka kvotar for sortar med veksande marknad.  Voluma i distrikta må styrkast som grunnlag for lenger sesongar, teknologisk utvikling og styrka samarbeid gjennom mottaksanlegg og pakkeri.   Det må satsast på distriktsgrønt var den tydelege meldinga frå Vestland og Kari Sigrun Lysne både til Norges Bondelag og til marknadsaktørane representert ved Gartnerhallen.