Digitale møte med lokallagsleiarane - siste sjanse i kveld
- Det er viktig for oss i arbeidsutvalet å møte leiarane i lokallaga og starte jobben med å bygge Vestland Bondelag, seier fylkesleiar Anders Felde
Saman med nestleiar Peder Nernæs, styremedlem og medlem i Arbeidsutvalet Gry Ingvild Agjeld og styremedlem Marianne Nordhus har fylkesleiaren invitert leiarane i lokallaga til møte på Zoom.
På agendaen i møta har stått innleiingar om jordbruksforhandlingane og klima. Det er også mogleg for leiarane i lokallaga å kome med spørsmål og innspel.
3 møte er gjennomført sist veke og i kveld den 7. desember klokka 20:00 vert det siste møtet gjennomført. Om du er lokallagsleiar og eigentleg skulle ha delteke sist veke, men noko kom i vegen, så er det mogleg å delta på kveldens møte, seier Felde. Peder Nernæs og Gry Ingvild Agjeld inviterer til møte klokka 20:00. Om du er lokallagsleiar og vil vere med så kontakt kontoret og be om lenkja til møtet. Send e-post til vestland@bondelaget.no
Frå møtet tysdag 1. desember