Webinaret gir deg inspirasjon, innsikt og kunnskap om kva marknad og vegval som kan vere strategisk gode for ei berekraftig drift.

Vi har invitert tre gardsysteri, som ligg spreidde rundt i Noreg, til å inspirere mjølkebønder og ysteri i Vestland om kva moglegheiter det ligg i val av forretningsidè og strategi for drift av ysteri.  Osteperler ved Jan Peter Aursnes gir deg råd med på vegen til korleis orientere seg i kva type ost(ar) marknaden etterspør og til avslutning får Kompetansenettverk Lokalmat Vest ved Aud Slettehaug, no også leiar i Naustdal Bondelag, vil fortelje deg korleis du kan nytte deg av nettverket ditt på vegen til din posisjon i marknaden.

Ragna Kronstad er engasjert til å ta praten med ysteria.   Ho er utdanna agronom frå Sogn Jord- og hagebruksskule, journalist, og er styremedlem i Norsk Gardsost.   Ho driv no besøksgarden Sørli gard for Oslo kommune og har tidlegare ysta på Kongsgården. Ho har mellom anna jobba som assisterande kommunikasjonssjef i Noregs Bondelag året før ho tok til på agronomutdanninga i Aurland, Økologisk Norge og Stiftelsen Norsk Mat (tidl. Matmerk).

Her finn du ein av artiklane som Ragna har skrive i april i år: Handverksost koplar oss til landskapet

DETALJERT PROGRAM FOR WEBINARET

SAMLA INFORMASJON OM WEBINARET

Deltakaravgift kr. 359,- pr. gard/ysteri. Påmeldingsfrist tysdag 15.11.22 


Illustrasjon:  Salatost og brunost i førebuing