- Dette var voldsomt overraskande
Olav Høyheim Einan frå Luster kan verte årets unge bonde.
STOLT BONDE: Olav Høyheim Einan.
- Det å vera blant finalistane i kåringa til årets unge bonde var voldsomt uventa, seier Olav Høyheim Einan.
29-åringen bur på Hafslo i Luster, og er utdanna agronom frå Sogn Jord-og Hagebruksskule. Han har også studert landbruksteknikk på Høgskulen i Hedmark. Lustringen fortel at han ikkje viste at han var nominert til kåringa, men har i ettertid funne ut at det var ordføraren i kommunen som sto bak.
- Det syns eg var veldig hyggeleg gjort av han.
Allid likt gardsarbeid
- Eg har alltid likt å jobbe med dyr. I ungdomsalderen var eg avløysar på fleire ulike gardar i heimbygda, seier han.
Einan fortel at han tykkjer gardsarbeidet er interessant, og at han alltid har likt det. Som 24-åring overtok han garden etter sin far, og det vart bygd ein ny del på driftsbygningen. I tillegg har han totalrenovert hovedhuset på garden.
- Eg har utvida gardsdrifta frå 50 til 170 vinterfôra sauer. I tillegg har eg cirka fem dekar med jordbær.
Nøgd med å vera blant topp fem
GLAD FINALIST: Olav Høyheim Einan.
- Eg er veldig nøgd med å vera blant finalistane, sier Einan.
I kåringa var det nominert 311 personar, der 15 gjekk vidare til semifinalen. Den 10. november skal vinnaren kårast, og han/ho får 20 000 kroner i reisestipend og eit gåvekort på 10.000 kroner av Felleskjøpet Agri. I tillegg vil Norske Landbrukstjenester sponse ein avløysar på garden i inntil ei veke.
- Det blir spennande å sjå kva som skjer vidare, men eg er uansett veldig nøgd med å vera inne blant topp fem.
Les meir om kåringa av årets unge bonde her.