- Det er livet mitt
Lidvin Hage er bonde og glad for det.
- Det er viktig for meg å vera bonde. Det er yrket mitt og det er livet mitt, fortel Lidvin Hage.
Han er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og driv gard i Utvik.
- Eg har alltid vore interessert i gardsdrift. Då eg var liten var eg med å jobba her, så det var naturleg for meg å overta.
Utvikling
- Før hadde me 15 kyr og nokre suaer.
Mykje har skjedd sidan den gong, no har Hage mellom anna gått i samdrift.
- No har me cirka 60 kyr og får rundt 100 kalvar i året. Då eg fekk vekk kyrne frå driftsbygningen, nytta eg den til å satse på gris.
Sjølv om kyrne er i samdrift, gjeld ikkje det grisen.
- No har eg 130 purker som produserer 260 kull for året, det vert omlag 3200 fødde smågris. Denne produksjonen har eg bygd opp gradvis i tillegg.
Kva har vore motivasjonen?
- Å produsere mat, det er levebrødet mitt.
Trur på ei tøff tid
- Me går inn i ei tøff tid. Avstanden mellom vårt jordbruk og det jordbruket me ser elles i landet vil auke. Difor er det viktig at me forsøker å fylgje utviklinga.
Har du sjølv fylgt utviklinga?
- Eg har gjort mitt beste.
Samdrifta har mellom anna investert i mjølkerobot.
- Den investeringa gjorde kvardagen enklare, ein må våge å satse.