"Dagmar" medverka til kunnskapsvekst i skogen
- 2012 var året då ” alle skulle på Kurs i Aktivt Skogbruk. Arnt Laukeland som er instruktør har helde mest kurs i heile landet i 2012 med 63 kurs. Det mest populære kurset er hogstkurset der ein lærer bruk og stell av motorsag.
- Det er fleire grunnar til at kursa har blitt så populære, seier Arnt Laukeland. Orkanen ” Dagmar” skapte stor aktivitet på skogen. Krav til dokumentert opplæring på bruk av motorsag er og ei årsak til at mange går kurs. Som ein del av rekrutteringssatsinga for skognæringa, vart ungdom som deltok på kurs sponsa av midlar frå Fylkeskommunen. 351 menn og 20 kvinner har delteke på kursa i 2012. Gjennomsnittsalderen var 40 år på kursdeltakarane.
Det er landbrukskontoret i den enkelte kommune som vanlegvis arrangerar kursa. Bygdelag,lokale skogeigarlag,bondelag og enkeltpersonar er også gode medspelarar til å få til kurs. Ein er avhengig av desse støttespelarane for å få til aktivitet. Luster Kommune v Arne Kristian Borger, Leikanger Kommune v Eva Huke, Fjærland Bondelag v Hans Haugen og Gloppen Kommune v Harald Kjær stod for ca halvparten av kursa i 2012. På jumboplass ligg Flora, Askvoll, Jølster, Aurland, Gulen og Solund med tilnærma 0 Kurs. Kanskje desse kommunane bør ta tak og skipe til kurs i 2013?
Dersom ein vil delta på kurs er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen der du bur, eller direkte med instruktør dersom du har ei gruppe på 4 personar eller meir som vil gå kurs. Meir info finn du på skogkurs.no