Ved NIBIO si avdeling i Ullensvang er det tolv tilsette som først og fremst jobbar med forsking knytt til utfordringar for fruktprodusenten.  Det vert til dømes testa ut ulike måtar å plante på med mål om auka avlingar og inntening for produsenten.  Sortsutprøving av nye sortar er også ein del av arbeidet. 

I dag er dei viktigaste FoU-oppgåvene ved NIBIO si avdeling i Ullensvang knytt til jord og gjødsling, fruktsortar, treforming og tynning, lagringsmetodar, økologisk fruktdyrking, foredling av frukt til drikke, genetiske studiar, pollinering og effektiv og miljøvennleg kontroll av skadeinsekt og soppsjukdomar. Produksjon av larver og nøtter til protein er eit nytt forskingsfelt på stasjonen. Forskarane har ulik fagbakgrunn, men har alle frukt som fellesnemnar. Det gjev oss ei unik mogelegheit til heilskapleg tilnærming til problemstillingar i fruktdyrkinga heiter det på NIBIO sine heimesider.

Nyplanta felt ved NIBIO på Lofthus i Ullensvang kommune der det vert prøvd ut ulike typer nøtter.  Dette som svar på diskusjonen kring alternative proteinkjelder.

 

Døme på oppbinding av tre med Celinapære - kva metode for beskjering gjev best avling?

 

Denne gjengen var på tur i Sogn og i Hardanger.  Glade for kvar ein prat og all kunnskap som vart delt.  Frå venstre  styremedlem i Vestland Bondelag og medlem i Grøntutvalet i Norges Bondelag Kari Sigrun Lysne, leiar i ullensvang Hagebrukslag Torbjørn Børve, seniorforskar ved NIBIO Mekjell Meland, 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Muller, fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde, styremedlem i Vestland Bondelag Knut B. Hauso og stasjonsleiar NIBIO Ullensvang Thomas Harris